
Bergen-Voss-konferansen 2026
Ny veg- og bane Bergen-Voss
Framtidas transportløysing tar form!
Stortinget har vedtatt bygging av Norges største samferdselsprosjekt: Ny veg- og bane Arna-Stanghelle for nær 50 milliardar kroner.
Etter den vellukka K5-konferansen på Voss i fjor, inviterer me i år til ein spanande statuskonferanse som del av Vossadagane 2026.
Voss kulturhus
26. mars 2026
kl. 12.30-15.00
Når startar byggjearbeidet? Tidslinje og milepæler
Kva betyr dette for deg som reisende? Praktisk info om byggjeperioden
Når kan vi bruka ny veg og bane? Realistiske estimat
Kva skjer med del 2: Stanghelle-Voss? Framtidsutsikter
Møt beslutningstakarane:
Toppleiinga i Statens vegvesen og Bane NOR
Prosjektleiinga for Fellesprosjektet K5 Arna-Stanghelle
Folkets representantar frå Stortinget, fylkestinget og kommunestyra i regionen
Næringslivet organisasjonar som blir påverka og kan dra nytte av prosjektet
Detaljprogram vil vera klart og blir publisert i slutten av 2025.
Konferansen er gratis og open for alle interesserte.

Vossaløysinga
- banar veg for utvikling i heile regionen
Føremålet vårt
Vossaløysinga AS er eit interessefellesskap, samansett av næringsliv, offentleg sektor, lag/organisasjonar og privatpersonar. Føremålet er å få realisert dei samferdsleløysingane som Statens Vegvesen og Jernbaneverket tilrår i KVU Arna-Voss, konsept 5 (K5). Selskapet er non-profit, og eventuelt overskot vil berre kunna nyttast innan selskapet til beste for føremålet.
Dette vil me
For at Vossabygda skal verta eit sterkt og interessant regionsenter for dei indre bygder - og eit reelt bustadalternativ for folk som jobbar i Bergen - trengst det veg og jernbane som er rask og trygg. Me meiner at Vossaregionen har eit stort uforløyst potensiale, og at vekst i nærområdet er eit gode som kjem oss alle til nytte.

K5
- den rette vegen å gå mellom Arna og Voss
- K5 er framtidsretta og vil gje store positive ringverknader for Voss og nabokommunane.
- K5 inneber at veg og jernbane får ei vesentleg innkorting og at traseane i stor grad vert lagt parallelt. Ei samstundes utbygging av bane og veg gjev store samordningsgevinstar og ei innsparing på ca. 10 mrd. kroner.
- K5 legg opp til trygge og moderne vegar med mykje bruk av midtrekkverk eller midtdelar.
- K5 gjev ei reisetid mellom Voss og Arna på ned mot 24 minuttar med tog og 46 minuttar med bil.
- K5 vil saman med Ringeriksbanen, fleire kryssingsspor og utbetringar redusera reisetida mellom Bergen og Oslo til 4 timar.
Vossaløysinga samarbeider tett med K5-Alliansen, som er ei brei samanslutning av kommunar, næringsliv og organisasjonar som arbeider for å realisera K5 - ny E16 og oppgradert Vossebane mellom Arna og Voss. Alliansen samlar kunnskap og løfter fram tryggleik, framkome og berekraft som hovudgrunnar for utbygging.


Me dreg i same retning
- den rette vegen å gå mellom Arna og Voss
Me som står bak Vossaløysinga har stor tru på at synleg engasjement og involvering kan påverka arbeidet med å få gjennomført ny veg og bane på strekninga Arna-Voss.

Slik støttar du arbeidet
Her kan du melda di interesse for å støtta arbeidet til Vossaløysinga.
Info og skjemaMeld deg på vårt nyheitsbrev:
Vossaløysinga jobbar aktivt for realisering av K5 - trygg veg og bane mellom Bergen og Voss.
Meld meg på