Ei gruppe næringslivsleiarar har vore med å dra i gang eit arbeid med å engasjera
- næringsliv
- store offentlege verksemder på Voss
- lag og organiasjonar
- privatpersonar
Målet er å påverka / hjelpa til / trykkja på – for å få framtidsretta veg og jernbane Bergen–Voss.
Dette er eit SVÆRT viktig arbeid! Det heilt nødvendig å stå på dei nærmaste to åra for å koma med i neste Nasjonal trafikkplan (NTP). Det er mange som slåst om å merksemda for å vera med her.
Ordføraren har vore med i oppstartsprosessen, og me vil også vere ei støttegruppa for hans arbeid.
Det er laga eit selskap, Vossaløysinga AS, og i tillegg til aksjekapitalen må me få inn midlar til å drive dette viktige arbeidet. Me ynskjer å ha DEG med som medlem, og at du støttar arbeidet med ei «medlemsavgift». Pengane skal nyttast intensivt i to år for å kunne engasjera ein eller fleire personar som køyrer denne prosessen; dvs. fylgje med på sakshandsaming, delta i konferansar og møter, skrive lesarinnlegg/uttalar/fråsegner mm.
Me vonar de vil støtta opp om dette viktige arbeidet og delta med medlemskontingent, og påverka der de kan.
Bruk helst skjemaet nedanfor for registrering av medlemskap. Me sender då ut faktura som du kan bruka i eigen rekneskap.