(Arkiv) Torsdag ettermiddag gjekk eit nytt ras på Vossabanen og E16. Heldigvis ingen personskade. Må me venta til menneskeliv går tapt?
Lesarinnlegg i avisa Hordaland, laurdag 23. mai 2015
Me er fortvila og sinte over at me opplever eit nytt ras. Me er sterkt uroa over at me har kjente og kjære som ferdast på utrygg veg og jernbane mellom Voss og Bergen kvar dag. Me er frustrerte over alle dei praktiske negative konsekvensane ei stenging av E16 og Vossabanen får. Men, me er tross alt mest glad for at det ikkje gjekk med menneskeliv denne gongen!
No kan me ikkje venta lenger! Me ynskjer «fullt trøkk» på planprosessar og politiske avgjerder i høve ny veg og bane mellom Voss og Arna. Jernbaneverket og Statens vegvesen har i fellesskap utarbeida «Konseptutvalgsutredning (KVU) for transportløsninger mellom Arna og Voss». Begge etatar tilrår at konsept K5 «Stor innkorting bane og veg – Kombinasjonsløysing» vert lagt til grunn for det vidare planarbeidet. Regionale og lokale politiske organ i vårt nærområde har i stor grad gjeve si tilslutning til K5. Vossaløysinga AS som interessefellesskap, meiner at tida er overmoden for å byggja ny veg og jernbane mellom Voss og Arna. K5-alternativet inneber at veg og bane får ei stor innkorting og at traseane i stor grad vert lagt parallelt. Løysinga legg opp til moderne vegar med mykje bruk av midtrekkverk eller midtdelar. Rassikker veg og bane! Ei samstundes utbygging av jernbane og veg gjev store samordningsgevinstar.
Vossaløysinga AS meiner at alle gode kreftar må samlast om ei løysing som gjev trygg, moderne og rask jernbane og veg. K5-alternativet gjev ei reisetid mellom Voss og Arna på ned mot 24 minuttar med tog og 46 minuttar med bil. Alternativet er framtidsretta og vil gje store positive ringverknader for Voss og nabobygdene.
Vossaløysinga meiner at gode kommunikasjonsløysingar på veg og bane vil kunne avlaste veksten i Bergensområdet. Voss har eit stort uforløyst potensiale, og vekst i nærområdet er eit gode som kjem oss alle til nytte. Skal Voss verta eit sterkt og interessant regionsenter for dei indre bygder, og eit reelt bustadalternativ for folk som jobbar i Bergen, treng me rask og trygg veg og jernbane!
Vossaløysinga AS har stor tru på at me som bur i indre Hordaland, gjennom eit synleg engasjement, kan påverka at arbeidet med veg og jernbane på strekninga mellom Arna og Voss tek til tidleg i neste periode for Nasjonal Transportplan 2018-2023.
Engasjer dykk!
Støtt arbeidet me har sett i gang, ved å verta medlem!
Stor oppslutnad gjev stor tyngde og styrke til å påverka!
Vossaløysinga AS
Einar Larsen
Styreformann