Innlegg

- K5 er vekk, men er det «von i hengjande snøre»?

(Arkiv) Det viktigaste prosjektet for Indre Hordaland, ja eigentleg heile landet, er feia under teppet på rekordtid.

Når me søkjer i NTP-dokumentet som vart framlagd onsdag denne veka, får me eitt treff på K5 og eitt treff i parantes (K5) og det er i siste NTP-periode 2024-2029.

Av Einar Larsen, styreformann i Vossaløysinga AS

Det viktigaste prosjektet for Indre Hordaland, ja eigentleg heile landet, er feia under teppet på rekordtid. Det kan synast som om «liv og helse» ikkje har fått prioritet i det heile. Er det rart me er skuffa?!

Jernbane mellom Arna og Stanghelle skal koma ei gong etter 2029, og strekninga vidare frå Stanghelle til Voss er ikkje ei gong nemnt i det tettpakka dokumentet på 330 sider.

Me har etter framlegginga, som Laila Himle har utrykt det, fått nokon «musesteg» i rett retning på E16 mellom Arna og Trengereid der «regjeringen vil se på muligheten for fremskynding av prosjektet», altså før 2024.

I «Debatten» på NRK torsdag kveld antyda Samferdsleministar Solvik-Olsen endå eit par «musesteg», og på det næraste garanterte oppstart i 2022. Desse førebelse lovnadane må ein nok sjå på som veldig uforpliktande, men me må alle håpa at den politiske debatten som er sett i gang fører til ei framskunding av strekninga når NTP-en kjem til endeleg handsaming i Stortinget i juni. Invitten til eit tverrpolitisk samarbeid frå ordførar Hans Erik Ringkjøb til samferdsleministeren lovar godt.

Me er veldig skuffa over at heile jernbanesatsinga som fagetatane la opp til i grunnlagsdokumentet for denne NTP-en på det nærmaste er vekke. Det er urovekkjande og merkeleg at både Vossabanen og Ringeriksbanen er flytt til tidlegast 2. del av NTP-en.

Me veit av tidlegare bitre erfaringar at prosjekt «lovd» i 2. del av ein NTP-periode har ein lei tendens til ikkje å verta ein realitet. Eit konkret døme på dette ser me i Vikafjellstunellen som var inne i 2. planperiode i den gjeldande NTPen, men som er borte i den som no vert lagt fram.

I teksten i NTP-en er «tunneltryggleiksføresegna», som var fagetatane sitt viktigaste argument for K5, tatt ut. Solvik-Olsen, som tidlegare har samanlikna det å nytta mykje pengar på mellombels sikring av tunellar for å stetta eit EU-direktiv som bortkasta, må no bla opp.

Me veit frå før at det er 15 tunellar Arna-Voss som det må gjerast noko med og kvar tunell vil verta stengd i månadsvis. Arnanipa-tunellen, som har trafikk på over 15 000 køyretøy i døgeret, får byggestart til neste år.

Vossaløysinga kan ikkje forstå at regjeringa har vald å setja til side svært klare prioriteringar frå Statens Vegvesen og Bane Nor.

Fagetatane har tilrådd bundne midlar til E16 Arna - Stanghelle. Å utsetja utbygginga av K5 vil føra til at eksisterande tunellar må oppgraderast med store kostnadar og langvarige stengjeperiodar.

Vossaløysinga AS oppmodar alle gode krefter til å jobba knallhardt inn mot eigne politiske parti, for å få til ei tverrpolitisk semje om at «liv og helse er viktigast» slik at me får byggestart som planlagt for Arna-Stanghelle i 2021, saman med planmidlar for den vidare strekninga frå Stanghelle til Voss.

Me oppmodar alle om å engasjera seg, og meina noko om saka, og gjerne skriva under på Laila Himle sin folkeaksjon, slik at politikarane i Oslo kan sjå at me vestlendingar meiner alvor.