(Arkiv) 51 liv har E16 Arna-Voss teke dei 25 åra den har eksistert. Når spørsmålet om å gjere noko handlar om pengar, er utsetjing av byggestart for K5 Arna-Voss eit etisk og moralsk spørsmål, med eitt svar med to strekar under: full fart på planlegging og utbygging.
Av Vidar Skeie, prosjektleiar i Vossaløysinga
Det kjennest som ei dobbelt-finte med MOGLEG byggestart i 2022/2023 for E16 Arna-Trengereid, fyrst etter to val og regjeringsskifter og der ein droppar Vossabanen, som fyrst står klar til Stanghelle ei gong ETTER 2029. Spontant og tverrpolitisk utbraut formannskapet på Voss «dei har rett og slett lurt oss» etter seansen i Arna 28. februar, der Erna kom for å «hilse hjem». Dette er faktisk verre enn det som vart presentert av Erna då, trass i at sjokket ikkje er like sterkt. Når vil veg og bane vera klar til Voss når ferdigstilling til Stanghelle skjer fyrst etter 2029? Her sit me igjen med oppfatninga av at vestlandsliv er mindre verd enn tida folk brukar på jobb med bil på E18 forbi Lysaker.
Store delar av E16 Arna-Voss har ikkje eksistert sidan 1992, men er eldre og vart berre omdøypt til stamveg og E16. Dale fekk bilveg til Bergen midt på 1960-talet, Arnanipatunellen er frå 1980 og Songstadtunellen frå 1971. Standardskilnadene på vegen drep, og Statens vegvesen rekna på talet omkomne i kroner og ører i KVU'en for Arna-Voss. Eitt menneskeliv har i fylgje Finansdepartementet ein verdi på 30 millionar i 2012 kroner, og har omgrepet «verdien av eit statistisk liv». Ein hardt skadd er verdsatt til 23 millionar kroner. Økonomane i Statens vegvesen har med utgangspunkt i tidlegare skadde og drepne knust tala ned strekningsvis, og omtaler dei som årlege «forventa skadekostnader» per kilometer. 69 560 000 kroner i drepne årleg og 157 139 000 i hardt skadde, ved å ikkje å gjere noko Arna-Voss. Dette er grotesk, men sant og regjering med samarbeidsparti er fullstendig klar over det.
Erna Solberg, Knut Arild Hareide og Terje Breivik, alle 1. kandidatar i Hordaland for parti med slagorda «Mennesker – ikke milliarder», «Menneskeverd i sentrum» og «Folk først» i Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre. Desse partia og politikarane må setja seg ned snarleg og koma opp med ei løysing for raskast mogleg byggestart av K5. Alternativet er at politikarane vert halde etisk og moralsk ansvarleg for at dei ikkje vil ha ein trygg veg og rask jernbane. 51 liv på 25 år er nok!