Vossaløysinga

– banar veg for utvikling i heile regionen

Føremålet vårt

Vossaløysinga AS er eit interessefellesskap, samansett av næringsliv, offentleg sektor, lag/organisasjonar og privatpersonar. Føremålet er å få realisert dei samferdsleløysingane som Statens Vegvesen og Jernbaneverket tilrår i KVU Arna-Voss, konsept 5 (K5). Selskapet er non-profitt, eit eventuelt overskot vil berre kunna brukast innan selskapet til beste for føremålet. Aksjonærane har ikkje høve til å ta utbyte frå selskapet.

Dette vil me

For at Vossabygda skal verta eit sterkt og interessant regionsenter for dei indre bygder – og eit reelt bustadalternativ for folk som jobbar i Bergen, trengst det veg og jernbane som er rask og trygg. Me meiner at vossaregionen har eit stort uforløyst potensiale, og at vekst i nærområdet er eit gode som kjem oss alle til nytte.

Startside hovudtekst

K5

– den rette vegen å gå mellom Arna og Voss

  • K5 er framtidsretta og vil gje store positive ringverknader for Voss og nabokommunane
  • K5 inneber at veg og jernbane får ei vesentleg innkorting og at traséane i stor grad vert lagt parallelt. Ei samstundes utbygging av bane og veg gjev store samordningsgevinstar og ei innsparing på ca 10 mrd kroner
  • K5 legg opp til trygge og moderne vegar med mykje bruk av midtrekkverk eller midtdelar
  • K5 gjev ei reisetid mellom Voss og Arna på ned mot 24 minuttar med tog og 46 minuttar med bil
  • K5 vil i saman med Ringeriksbanen, fleire kryssingsspor og utrettingar redusera reisetida mellom Bergen og Oslo til 4 timar

KVU Voss Arna endeleg rapport kart k5

Støtt arbeidet!

Me dreg i same retning

Regionen samlar eit lag av pådrivarar.

Me som står bak VossaLøysinga har stor tru på at Vossaregionen gjennom synleg engasjement og involvering kan påverka at arbeidet med veg og bane på strekninga Arna-Voss tek til tidleg i neste periode for Nasjonal Transportplan 2018-2023.

Skiparane av Vossaløysinga

Du kan vera med å bidra!

Vossaløysinga AS

  • Org. nr.: 915 329 683
  • Bankgiro: 9581.13.69110

Kontaktinfo

  • Styreleiar: Nils Akselberg
  • Telefon: 91673013
  • E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
  • Adresse: Postboks 14, 5701 VOSS